Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Spjelkavik VGS > Nyheter > Hivju på Vika

Hivju på Vika

I går hadde vi storfint besøk på Vika! I anledning årets Vika Internasjonale Filmfestival kom Kristofer Hivju og snakka med framandspråkselevane om korleis ein kan lage ein best mogeleg kortfilm med enkle midlar.

Vi lærte mellom anna om korleis ein kan lage overbevisande biljaktscener i 20 km/t, korleis ein kan drukne nokon, gråte og bli skoten på truverdig vis, og korleis ein kan bruke kameraet effektivt for å få fram dramatikk.

Ikkje minst lærte vi korleis vi kan senke skuldrane, støtte kvarandre og ha det gøy i prosessen – det blir jo tross alt rævva uansett :) Tusen takk for besøket, Kristofer Hivju, dette var gøy!

No er elevane fulle av inspirasjon og godt i gang med å lage filmar til konkurransen -  vi gler oss til å sjå resultatet den 14. juni.