Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Spjelkavik VGS > Nyheter > Internasjonalt samarbeid om språklæring

Internasjonalt samarbeid om språklæring

- Forfriskande å bruke spansk på ein annleis måte! Det seier Håkon Brandal Åsebø, ein av spanskelevane ved Spjelkavik vgs. som deltek i prosjektet SammTalk saman med resten av spanskklassen sin. Prosjektet lar elevane våre utveksle meldingar, kommentarar, bilete, videoar og ulike arbeid med spanske elevar frå skulane Instituto Rafael Pérez Estrada i Málaga, og Nuestra Señora de la Merced i Vitoria, og er eit samarbeid mellom dei involverte skulane og nettplattforma SammTalk.

Opplegget går ut på at elevane deltek i lukka facebookgrupper som er sett saman av nokre spanske elevar som lærer engelsk, nokre norske elevar som lærer spansk, og dei involverte lærarane. Lærarane fungerer som administratorar i gruppene. Kvar veke får ein av klassane ei oppgåve, til dømes å lage ein kort video der dei presenterer fritidsinteressene sine eller seg sjølve på høvesvis engelsk eller spansk. Tanken er at elevane gjennom dette prosjektet skal få bruke språket på ein annleis og motiverande måte, og la elevane bruke språket på ein autentisk måte i møte med folk på deira eigen alder. 

 
Det første biletet gruppa la ut i SammTalk-gruppa si. Jenny Sande Teige, Håkon Brandal Åsebø,
Hanne Kristin Skare Vorren og Magnus Bjørge Almås.
 

For Håkon og resten av elevane i gruppa er inntrykket så langt positivt. Etter fem år der dei stort sett har møtt tilpassa læreboktekstar er det kjekt å gjere noko nytt, og møte eit meir autentisk språk. Det er meir interessant å bruke spansk når det har eit formål, tilføyer Jenny Sande Teige, ein av dei andre elevane på gruppa til Håkon. Sjølv om det kan vere litt ekstra jobb, og dei nokre gongar kan vere usikre på om det dei skriv er rett, er gruppa einige om at dette er eit opplegg som er nyttig i spanskfaget. – Det gir ein interaksjon med menneske som du elles berre ville ha fått gjennom å opphalde deg i eit anna land, påpeikar Magnus Almås.

Denne veka har elevane i oppgåve å lage ein kort video om skulefaga sine, og neste veke er det elevane i Vitoria sin tur – denne gongen med julefeiring som er tema. Neste semester startar prosjekt 2, der elevane gjennomfører videokonferansar med kvarandre på spansk og engelsk. Det blir utfordrande, litt skummelt og forhåpentlegvis lærerikt.

 
Heile spanskklassen samla utanfor skulen. Dette er ein av to
klassar frå skulen som er med på prosjektet i år.
 
 
Oppgåve: slik kan ei oppgåve frå SammTalk sjå ut. Dei norske elevane
legg ut videoar og tekstar på spansk, og alle kommentarar til innlegga blir gitt på spansk.
Dei spanske elevane brukar engelsk i sine innlegg, og får svar på engelsk.
 
 
Filmar kvarandre: elevane hjelper kvarandre med å lage korte videosnuttar
på spansk som dei deretter deler med dei spanske elevane.