Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Spjelkavik VGS > Nyheter > VIFF 2019

VIFF 2019

Den andre årlege Vika Internasjonale Filmfestival (VIFF) gjekk av stabelen 14. juni, og vi er skikkeleg fornøgde med resultatet! 

Dyktige konferansierar, god stemning og ikkje minst store mengder elevproduserte kvalitetskortfilmar på tre språk og i mange ulike sjangrar. Årets vinnarfilmar vart den sjarmerande og humoristiske tyske kjærleikshistoria «Hans & Grethe» (VG1) og den filmteknisk solide og sterkt Narcos-inspirerte «Los Narcos Grandes» (VG2). Vi gler oss allereie til VIFF 2020!