Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Elevverneombud

§ 9a-5.Elevdeltaking i skolemiljøarbeidet

        Elevane skal engasjerast i planlegginga og gjennomføringa av det systematiske arbeidet for helse, miljø og tryggleik ved skolen.  Skolen skal leggje oppgåver til rette for elevane etter kva som er naturleg for dei enkelte klassetrinna.

        Elevrådet kan nemne opp skolemiljørepresentantar til å vareta elevane sine interesser overfor skolen og myndigheitene i saker som har med skolemiljøet å gjere.  Skolemiljørepresentantane deltek i planlegginga og gjennomføringa av det systematiske helse-, miljø- og tryggingsarbeidet ved skolen i den grad det vedkjem skolemiljøet for elevane.

        Elevane kan møte med inntil to skolemiljørepresentantar i arbeidsmiljøutvalet der eit slikt er oppretta ved skolen i samsvar med lov 4. februar 1977 nr. 4 om arbeidervern og arbeidsmiljø m.v., når dette behandlar spørsmål som vedkjem skolemiljøet for elevane. Skolemiljørepresentantane har da talerett og rett til å få meininga si protokollert.  Skolemiljørepresentantane skal ikkje vere til stades når utvalet behandlar saker som er omfatta av teieplikt etter lover eller forskrifter.

        Skolemiljørepresentantane har rett til den informasjon som trengst for oppdraget, så langt informasjonen ikkje er omfatta av teieplikt etter lover eller forskrifter.

        Skolemiljørepresentantane har rett til den opplæring og det fritak frå undervisningstimar som trengst for å skjøtte oppgåvene.