Mobbing, plaging og erting er ulovleg. Verken elevar, lærarar eller andre på skulen har lov til å mobbe andre.
- Dersom du ikkje har det bra, har du rett på hjelp frå dei vaksne på skulen. Dette står i opplæringslova.
- Skolane har aktivitetsplikt. Dei har plikt til å følge med, gripe inn, varsle, undersøke og eventuelt sette inn tiltak om dei får mistanke om eller kjennskap til at elevar ikkje har det trygt og godt på skolen.
- Du kan også lese meir om hjelp mot mobbing på Utdanningsdirektoratet.
Meld frå
Du skal ta direkte kontakt med skolen din dersom du ikkje har det bra i skolekvardagen.
Du kan også ta kontakt med elev- og lærlingombodet i Møre og Romsdal.
Får du ikkje hjelp på skolen, kan du kontakte Fylkesmannen i Møre og Romsdal.
Har du mistanke om at nokon i leiinga krenkar ein elev, skal du ta direkte kontakt med fylkeskommunen, som er skoleeigar.
Har du lyst å engasjere deg for skolemiljøet?
Då kan du delta i elevrådet, skolemiljøutvalet eller skoleutvalet.