Er du permittert eller ledig? No kan du få gjort ferdig vidaregåande opplæring

Har du gått i vidaregåande opplæring og ikkje fått vitnemål eller tatt fagbrev?  Har du ikkje gått på vidaregåande opplæring, men har lang arbeidspraksis? Om du er blant dei som i tillegg er permittert eller arbeidsledig, tilbyr no Møre og Romsdal fylkeskommune eit opplæringstilbod som hjelper deg til å få vitnemålet/fagbrevet komplett.

Skriv ut

Tilbodet er retta mot dei som manglar fag for å bli ferdige med vidaregåande opplæring.  Kanskje du slutta før du var ferdig med skolen eller læretida? Eller kanskje manglar du, eller strauk i eit eller fleire fag, eller ikkje fekk teke fagprøva?

Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker at flest mogleg skal få fullført vidaregåande opplæring.  Nå har vi moglegheit å hjelpe fleire med å kome i mål.

Fylkeskommunen har fått eit tilskott frå stortinget som vi skal bruke til å gje tilbod til ledige og permitterte i samband med pandemien.

Det vil bli sett i gang ulike tiltak utifrå behova til dei som er interessert.

Tilbodet er gratis!

For å melde interesse må du fylle ut registreringsskjemaet lenger nede på sida.

Ønsker du yrkeskompetanse/fagbrev finn du søknadskjema her

Frist for å sende inn skjemaet er 1. august

Opplæringstilbod mot studiekompetanse
Kryss av:
Kryss av:

Kontakt